Om oss

Kva vi jobbar med

Opplæringskontoret for Indre Hordaland er eit fleirfagleg opplæringskontor, starta i 1994. Me er eigd av 57 medlemsbedrifter på Voss, Ulvik, Vaksdal, Modalen og Aurland. Vi har lærlingar i 31 ulike fag. Målet vårt er å jobba mot at skal få fagopplæring lokalt i våre medlemsbedrifter, og at fleire tilsette tek fagbrev. Saman med bedriftene fylgjer me opp omlag 100 lærlingar gjennom året. Ved å ta inn lærlingar sikrar bedriftene seg framtidig, kompetent arbeidskraft, og lokale læreplassar gjev ungdom mogelegheit til å utdanne seg der dei bur.

Opplæringskontoret hjelper også tilsette med lang yrkespraksis til å ta fagbrev som praksiskandidatar.

Vi deltek på lærlingekonferansar på dei lokale skulane, der vi informerer elevane om lærlingeordinga og korleis dei kan sikre seg læreplass. For nye lærlingar arrangerer vi introduksjonssamlingar, og for instruktørar og fagansvarlege arrangerer vi også kurs. Kvart år arrangerer vi utdeling av fagbrev.

Om ynskjeleg, kan vi ta turen innom di bedrift og informere om lærlingeordninga. Ta gjerne kontakt med oss.

Årsrapportar

Våre viktigaste arbeidsoppgåver

  • Formidling/rekruttering av lærlingar og lærekandidatar
  • Lage opplæringsplanar saman med bedrifta
  • Fylgje opp lærling og lærebedrift gjennom læretida
  • Rekruttere nye lærebedrifter og informere om nye lærefag
  • Arrangere samlingar for lærlingar
  • Arrangere kurs for instruktørar
  • Informere om og marknadsføre lærlingeordninga
  • Samarbeid med skular, kommunar, NAV, Rettleingstenesta, Vestland Fylkeskommune